Sveiseparameterkalkulator
Finn veiledande startverdiar basert på prosess, materiale og godstykkelse.
ArcPilot samlar sveiseparametere, prosedyrar, sjekklister, notat og fagleg AI-veiledning i eitt praktisk verktøy.
Tryggare start på kvar sveis.
Mange elevar, lærlingar og nye sveisarar brukar mykje tid på å finne riktige startverdiar, forstå val av parametrar og dokumentere det dei lærer.
Mykje fagkunnskap ligg framleis i hovudet til erfarne fagfolk, i gamle dokument eller spreidd mellom ulike system.
Appen gir brukaren eit enkelt utgangspunkt for parametrar, prosedyrar, sjekklister og eigne notat — samtidig som AI-mentoren Magnar kan forklare faglege tema på ein lett forståeleg måte.
Bygd for kvardagen i verkstad og klasserom. Designa for å vere raskt å bruke med hanskar på, både på mobil og laptop.
Finn veiledande startverdiar basert på prosess, materiale og godstykkelse.
Få betre struktur før, under og etter sveising.
Fagleg AI-veiledning som kan forklare sveising, metodar og praktiske problemstillingar.
Lagre eigne innstillingar, erfaringar og læringsnotat.
ArcPilot kan gi elevar eit praktisk støtteverktøy i sveiseopplæringa. Målet er å hjelpe elevar å forstå parametrar, følgje sjekklister og dokumentere eiga utvikling.
Pilot for VGSArcPilot kan støtte lærlingar og instruktørar på tvers av medlemsbedrifter, og bidra til meir strukturert opplæring og fagleg oppfølging.
Pilot for opplæringskontorArcPilot kan hjelpe lærlingar og nye medarbeidarar med raskare tilgang til fagleg støtte, standardiserte sjekklister og betre dokumentasjon.
Pilot for bedriftArcPilot er no i pilotfase. Vi søker skular, opplæringskontor og verkstader som ønskjer å teste verktøyet i praksis og vere med å forme vidare utvikling.
ArcPilot er ikkje bygd frå eit kontor langt unna verkstaden. Det er utvikla av Andreas Ommedal Aa, som har jobba i industrien sidan han var 16 år, med erfaring som både industrimekanikar og sveiser.
I 2026/2027 representerer han Noreg som landslagsutøvar i sveisefaget. Gjennom fleire år i verkstad, opplæring og konkurransesveising har Andreas sett kor viktig det er med gode startverdiar, strukturert rettleiing og lett tilgjengeleg fagkunnskap.
ArcPilot er bygd for å samle dette i eitt praktisk verktøy — slik at elevar, lærlingar, faglærarar og verkstader får betre støtte i kvardagen.
ArcPilot gir veiledande startverdiar og fagleg støtte. Verktøyet erstattar ikkje faglærar, sertifiserte sveiseprosedyrar, WPS, arbeidsgivar sine krav eller brukaren si faglege vurdering.
Vi er interessert i kontakt med skular, opplæringskontor og bedrifter som ønskjer å teste ArcPilot i praksis. Ta kontakt for demo, pilot eller samarbeid.